Dette er også Noreg

Kommunal feelgood

Hardcover, 154 pages

Published by Det Norske Samlaget.

ISBN:
978-82-521-9440-1
Copied ISBN!
4 stars (1 review)

Kommunesamanslåingane har vekt sterke kjensler over heile landet. Journalisten Jens Kihl tok turen til alle landets kommunar for å finne ut kva som ligg bak. Er det fornuft eller føleri? Gjennom ei reise på kryss og tvers i Noreg, frå Nesseby til Nesodden og frå Nissedal til Nordkapp, møter vi menneske som ikkje berre elskar heimstaden sin, men som er brennande engasjerte i skulen, arbeidsplassane, sjukeheimen og strikkeklubben. Noreg blir litt betre av at dei står på. Vi møter Malin som er lærar på Noregs minste skule på Finnskogen. Vi tek turen til trønderordføraren i Røyrvik, ein stad som har vunne noregsmeisterskapen i fråflytting, men som nektar å gi opp. Vi prøver å finne ut kor mykje Bremanger kommune eigentleg brukte på ein tilflyttingsvideo med Madcon. Vi dreg på strikkekafé i Loppa og på kommunessafari med ordføraren i Hasvik. Er kommunereforma i ferd med å rasere det som gjer landet …

1 edition